Tekster
Vinje, Aasmund Olafsson
Faren til den heimanfarande sonen
Elektronisk tekst
Form og innhold
Teksten til Vinje, som vart publisert første gong i Illustrert Nyhedsblads Nytaarsgave, 1861, er ordrik, nærast monologisk, men samstundes med råd både til sonen og mora til sonen, autoritativ, vandrande essayistisk, didaktisk, nesten håvamålsk. Den unge personen, ubunden av kjønn, skal lausriva seg frå foreldregenerasjonen. Kva sender den vaksne med den unge på livsferda? Mellom oss og diktet ligg eit hav, av tid, av skilnad, av ulikskap. Tilhøva er radikalt annleis for ungdom av i dag enn for husmannssonen frå Telemark. Men dei menneskelege grunnvilkåra er dei same, evig og uforanderleg. Der er eit hav som ligg og ventar, ein fugl skal prøva vengjene, eit vaksenliv skal ta til. Diktet kan lesast saman med Jakob Sandes Då Daniel drog. Kva sender vi med dei unge på livsferda?
Livet "elskar" det som er "godt og stort", for det er Herren som har skapt det. Men livet kan gå gale, det kan bli ”tufs og tull”. Er det foreldra eller den unge sjølv som skal lastast ”om sonen vert ein vesalmann”? Betre enn materielle godar å senda med den unge er ein basis av gode tankar, og at han har vit og helse. Stundom kan ein undrast om forfattaren favoriserer den dyktige og sterke sin plass i livet, men han rettar det opp når han hevdar at også den som er liten, vil koma seg fram ”når han er attåt god.” Den unge blir oppmoda til gudstru, toleranse og nestekjærleik, til ei ikkje-fordømmande livshaldning og ein livsførsel der baktale av andre får liten plass. Det er nesten bibelsk fylde i desse imperativa: "Kom Gud i hug! Døm syndi mildt! / og tal om nesten sjeldan ilt!"
Noko overraskande hevdar faren i sluttstrofa at det er berre den svake som græt ved ein avskil eller over ei sorg; dette fortener ikkje våre tårer. Nei, hos den sterke "just der eg fann, / at tårer for det fagre rann". Det er ikkje einaste gongen at Vinje koplar gråt og det vakre i sine verk. Det kan gjelda det storslått vakre i naturen, eller tonen i ei seljefløyte. ”Her er så vent det kan meg grøta / for det om eg er vaksen kar” heiter det i diktet Drivdalen (1860). Og i eit av høgdepunkta hans, diktet Våren (1860, 1864) skriv han ”difor det ljod i den fløyta eg skar / meg tyktest å gråta”. Er der tårer og vemod ved det vakre fordi det minner oss om at alt er forgjengeleg, dette skal ta slutt? Rører det vakre i kunsten ved oss, ved å visa det mogeleg andre? ”Den diktar aldri djupt som berre ser på gleda”, skriv bladmannen Vinje i Dølen 11. mars 1860.
Temaer
Foreldre og barn, Frigjøring, Åpenhet for det fremmede, Vennskap, Det gode liv, Skjønnhet
Supplerende kunstverk
Bilder:
Fra musikkteaterforestillinga Blomar veks i såret (2008).
Filmer:
De Niro, R. (regissør). (1993). A Bronx tale [DVD 116 min., norske tekster]. [S.l.]: SME.
Musikk:
Okkenhaug, P. (1960/2000). Til sonen min. I: P. Okkenhaug, Fra koral til bacarole: Toner gjennom femti år (s. 70). Oslo: Norsk musikforlag.
Tekster:
Sande, J. (1945/1998). Då Daniel drog. I: Dikt i samling. Ny og auka utgåve med etterord av Einar Økland (s. 292–293). Oslo: Gyldendal. NB Digital .
Tilgang og referanser
Vinje, Aa. O. (1975). Faren til den heimanfarande sonen. I: Blomar veks i såret. Dikt i utval ved Olav Vesaas (s. 18–21). Oslo: Den norske Bokklubben.
Vinje, Aa. O. (1991). Faderen til den heimanfarande sonen. I: A. O. Vinjes beste (s. 29-32). Oslo: Samlaget. Hentet fra NB Digital
Erfaringer
Hvis du har erfaringer med det som er beskrevet her eller har assosiasjoner til andre kunstverk, eller hvis du ser feil og har kommentarer: Send e-post til
Beskrivelse
ved Ragna Ådlandsvik 21.03.13.