Tekster

Bjørnson, Bjørnstjerne

Faderen

Elektronisk tekst

Form og innhold

Denne korte novella (1 ½ bokside) er å finna i Småstykker 1860, men blei trykt alt året før, og teksten blei endra i 1868. Teksten er ein av dei aller mest brukte i litteraturformidlinga i det norske skuleverket, og han er òg å finna i utanlandske antologiar (Amdam, 2007).

Mini-novella dekkjer eit tidsspenn på 25 år, noko som er uvanleg for novellesjangeren. Hovuddelen er dialogen mellom storbonden Thord og presten. Fire gonger kjem Thord på prestekontoret: første gong då sonen skal døypast, andre gongen då han skal konfirmerast, tredje gongen då det skal lysast til bryllaup for han, og fjerde gongen då alt er dramatisk endra. Berre den siste gongen kjem han seint på kvelden. Ordet ”seint” er brukt fleire gonger, og repetisjon er eit uttalt verkemidddel i heile teksten. Forma i denne forteljinga viser slektskap med både ættesaga, eventyr, novelle og drama. Dialogen er ordknapp, replikkane er innhaldsmetta og fyndaktige. Personane røper seg mykje med det dei seier og ikkje seier, med pausar og venting, med blikk og med tårer.

Teikn i teksten peikar vedvarande på at den stolte og sosialt vellykka Thord kan ha gløymt noko vesentleg, men det er svært seint før han oppdagar kva dette er – likevel ikkje for seint. Han får ein ny start. Thord forandrar seg radikalt då han møter døden der denne er aller mest uønskt og uventa: hos sonen. Livsverdiane blir omkalfatra. Prestisje og materialisme er forgjengelege verdiar. Velstand og velsigning går ikkje alltid hand i hand. Ein lever ikkje berre for seg sjølv, livet får ei større meining ved at ein kan vera noko for andre, og gjerne for dei som treng det mest. Ringen blir slutta i det at vatnet i dåpen og vatnet i katastrofen i forteljinga på ulikt vis begge inneber reinskingsprosessar. Dåpen i starten av novella representerer etter vår tru ein symbolsk død, og slutten av historia viser ein faktisk død. I begge tilfelle er det snakk om ei vending bort frå det gamle til noko nytt.

Thord fører ikkje berre tanken til hovdingar i det gamle bondesamfunnet, men også til bibelske personar som Nikodemus og Sakkeus, og der er dei som meiner å sjå ei line til scena der Gud set Abraham på prøve gjennom sonen Isak (Amdam, 2007).

Novella er aktuell også i dag då mange foreldre er svært ambisiøse på eigne barn sine vegner, og gjerne ser at desse tek dei første plassane i konkurransen.

 

Temaer

Menneskets betingelser, Barn og foreldre, Egennyttte, Selviskhet, Overmot, Omforming av personen (ordning av livet), Gud og menneske, Ubetinget kjærlighet (nestekjærlighet)

 

Supplerende kunstverk

Bilder:

Filmer:

Kieslowski, K. (1989). Dekalog 1 / Det første bud (DVD 47 min., engelske tekster). Et utdrag er tilgjengelig på YouTube (10:37). Alle de ti filmene i Dekalog: The ten commandments (med engelske tekster) kan lånes via offentlig bibliotek. De er samlet på to DVD-er.

Musikk:

Cohen, L. (1985). Story of Isaac. Musikk og tekst Youtube (5:31).

Dylan, B. (1965). Highway 61 Revisited. Musikk og tekst Youtube (3:27).

Medaas, I. (1993). Jenta i veven (tekst J. Sande). I: Norsk visebok (s. 477). Fins på Vinyl-LP Birgitte Grimstad synger viser (1966). RCA Victor ‎– LPNES 61

Tekster:

Sande, J. (1936/1956). Gjenta i veven. I: Dikt i samling (s. 234-235). Oslo: Gyldendal.

 

Tilgang og referanser

Bjørnson, B. (1995). Faderen. I: Samlede verker (11. utg., bd. 1, NB digital, s. 189-190). Oslo: Gyldendal.

Amdam, P. (2007). Om novellen Faderen. I: Bjørnstjerne Bjørnson: Han som ville dikte et nytt og bedre Norge (NB digital s. 75−76). Oslo: Cappelen. 

 

Erfaringer

Hvis du har erfaringer med det som er beskrevet her eller har assosiasjoner til andre kunstverk, eller hvis du ser feil og har kommentarer: Send e-post til This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Beskrivelse

ved Ragna Ådlandsvik, 23.04.13. Sist revidert 11.06.13. Lenker oppdatert 09.12.19